torsdag, november 26

Essayer d'ecrire essay

Nynorskskriving i tre timer. Det særeste, ganske random, og mest tullete essayet jeg har skrevet. Trur eg.


Ureint. Møkkete. Ekkelt. Plagsamt. Pent. Husstøv. Svevestøv. Stjernestøv. Nedfallstøv. Jordstøv. Verdensromstøv. Støvsuger. Støvkost.

Det er overalt. Det kommer tilbake med ein gong du har teke det bort. Ein kan ikkje gjere noko for å halde det borte. Kor kjem det frå? Kva treng vi det til? Husstøv er ubrukeleg. Uviktig. Ingen bryr seg eigentleg om støv. Ein forsikrar ikkje støvet heime hos seg. Ein prøver å fjerne støvet heime hos seg, men det vil aldri bli fjerna. Det har ikkje lyst til å bli borte.

Stjernestøv er noko anna. Trur eg. Eg trur det finnast to typar stjernestøv, eg. Ein har slikt stjernestøv dei har i Disney-filmar, stjernestøv ein kan ønskje seg noko med. Fint stjernestøv. Også har ein slikt stjernestøv som svever rundt i verdsrommet, støv frå stjerner som har dødd og slikt. Eg likar best det stjernestøvet ein kan ønskje seg ting med.

Det finnast også enda fleire typar støv. Metaforisk støv har ein også. Menneske er støv. Vi er små og ubetydelege for resten av universet. Eller kanskje vi ikkje er det. Kven veit? Veit vi noko som helst? Kvifor er vi her? Insekt er i alle fall støv. Kva skal vi med insekt? Alt er støv. Verda er støv. Universet er støv. Og da er alt støv, for ingen vet kva som er større enn universet. Kanskje Gud også er støv. Og Allah, og Buddha, og Ganesha, og Zews, og Tor, og Odin. Alt er støv, det einaste som har noko å si er korleis du ser på det. Metaforstøv er det mest omfattande støvet som finnast. Det er altoppslukande. Kanskje alt er bygga av støv, kanskje atom bare er eit anna namn før støv. Støv er spennande. Men ingen likar støv. Støv er ikkje eit positivt ord.

Støv er møkkete. Støv kan også være dyr. Tenk på alt støvet på soverommet ditt, halvparten er dyr. Små, ekle dyr. Midd. Og resten av støvet er gjerne gamle, døde hudceller frå deg, og alle andre som har vore på soverommet ditt sida sist gang du vaska det, eit halvt år før. Det er ikkje så koseleg å tenkje på. Tenk på alt støvet du pustar inn heile tida. Ein veit ikkje kor det har vore, eller kven det kommer frå. Bakteriar, det er sikkert ein hel masse bakteriar i støv. Eg trur eg må gå heim og støvsuge nå. Støvsugarar er fine oppfinningar, sjølv om eg er bittelitt redd for støvsugaren vår. Den bråkar, og luktar rart, men støvsugarar er bra. Dei sug vekk støvet for ei lita stund. Plutselig er alt reint, meir eller mindre, for eigentleg er det ikkje så reint. Ein treng å vaske litt med såpe og vatn også. Da blir det reint. Også er det viktig å rydde litt, for viss ein ikkje ryddar vekk alle kleda sine frå golvet, da kommer det meir støv. Det er jo ikkje noe man vil at skal skje. For ein har jo nok med det støvet man har frå før av.

Støv er fint også. Når sola sender ein enkelt solstråle gjennom vindauget, ein tidlig morgon, og ein kan sjå alt støvet som flyr rundt i rommet, da er støv fint. Og viss ein tek bilete i eit rom med masse flygestøv og lys, da får ein vakre bilete. Eg skal gjere det ein vakker dag. Ein vakker dag med sol ute, sol som skinn inn gjennom vindauget. Da skal eg ta bilete.

4 kommentarer:

Aina sa...

♥ kan man ikke få stryk hvis det finnes et likt et på internett? hi, "sukk. Nei, Aina." jeg vet ikke jeg. Bra skrevet uansett.

eirinsurr sa...

Jeg likte det jeg :)

Synneopsis sa...

Bra!

Elise sa...

Elise liker dette